Vossahendinga

Fra en tidligere markering i Tromsø. Foto: frifagbevegelse.no

Frå ei tidlegare markering i Tromsø. Foto: frifagbevegelse.no

Stad: Vossevangen
Tid: Frå klokka 16:00
Dette er eit arrangement som vil foregå i dei fleste byar og tettstader i Norge, på laurdag 12.01.13. Det er lokale støttegrupper som Støttegruppen for Nathan i Bergen (https://www.facebook.com/pages/La-Nathan-og-familien-f%C3%A5-bli/266473850067394?ref=ts&fref=ts) i samarbeid med den nasjonale Foreningen av tolvte januar (https://tolvtejanuar.org/) som står bak markeringa.
På Voss har desse sålangt slutta seg til:
Raudt Voss
Meld deg på markeringa på Facebook! https://www.facebook.com/events/509569252398105/
_____________________________________________NOK ER NOK – ny behandling for dei lengeværende asylbarna!

I Barn på flukt-meldinga har Stortinget sagt at dagens praksis overfor dei 544 lengeværande asylbarna er for streng i forhold til lovas intensjon. Dei sa også at det skal koma ei praksisendring der omsynet til barnas beste skal vektleggas meir enn i dagens praksis.

Dommen i Høgsterett 21. desember viste at dagens lovverk ikkje er tilstrekkeleg for å sikra barnekonvensjonens stilling når det gjeld asylbarna. Dommarane gav UNE rett til å vekta innvandringsregulerande omsyn framfor prinsippet om barnas beste, sjølv om barna i desse sakane har leve heile sine liv i Norge.

Dermed er ballen kasta over til politikarane. Det er dei som har makt til å endra regelverket. No må politikarane sørge for handling!

Me krev:

– Strakstiltak og ei ny forskrift som klart slår fast at barnas beste skal gå framfor innvandringspolitiske omsyn.

– At FNs Barnekonvensjon skal ha forrang i saker som omhandler barn i Norge – også utlendingssaker.

– At de lengeværande barna får ei ny handsaming av sakene sine i UDI etter ny forskift, med vekt på deira tilknytning til Norge, og med advokatbistand.

Advertisements